tirsdag 30. juni 2009

Jonsok

Her i Bergen er det St.Hansfeiring, men eg vil kalle det Jonsok. Vi feira Jonsok i Gamle Bergen i lag med mange andre, og klarte såvidt å få parkert ulovlig og (nesten) forsvarlig i ein sving (= inga bot!). Der var eit relativt lite bål i forhold til bålet vi ungane klarte å samle på Haddal då vi sanka boss frå nabolaget, og det gjekk føre seg med brannvesen og veteranbrannbilar i bakgrunnen. Vi fekk kjøpt ferske, varme skillingsbollar av gamle koner, sett teater med Dukkenikkerne, drukke heksebrygg, ete rømegraut og klatremusa vår kom seg opp i eit tre (eller var det ei plante?). Ein skikkelig kosedag!

Ida oppe på ein veteranbrannbil

Båltenning

Dukkenikkerne med teateret "Alt & Ingenting"






Vetle låg for det meste i vogna.

Klatremusa

Etter eit par timar med moro,
ville vi sjå bålet i fyr og flamme.
Men jaggu vart vi skuffa: det var brent opp!

Vetle rullar!

Ein ny milepæl er nådd: rulling frå rygg til mage! Etter å ha rost i følgjande rekkefølgje både bæsjebleiar, rapar, fisar, smil, babybabbel og verdas herligaste gutelatter, kom det rulling frå rygg til mage - heilt uventa! Ricki skjønte ingenting då han fann Vetle på andre sida av leiketeppet liggande frivillig på magen, flinke guten!


torsdag 18. juni 2009

Avslutningsfest i barnehagen

Det var avslutningsfest for ørnene, dvs. 5-åringane, i barnehagen i går - og i den anledning var det underholdning frå skuleungane-to-be. Ida hadde øvd seg på ein vits, som mor her har lova å ikkje røpe svaret på. Her er vitsen:

Kva er kvitt oppe i lufta og gult nede på bakken?
Veit du svaret?

Det var meininga å legge ut film av seansen, men fila er visst så stor at det ville tatt timar å laste den ned. Kanskje får eg hjelp til å gjere den mindre seinare i kveld?

Det var ei fin avslutning, iallfall. Både barn og vaksne koste seg med pølser, saft, kaffi og kaker. Og underholdninga var super, med vitsar, rapping og kor med songar som Glad apekattsang, Jeg liker dine store ører, Jeg vil bygge meg en gård, Lille måltrost m. fleire. Snart er det skulestart for dei store små, det blir ganske rart, litt vemodig og veldig spennande!

Ei gul skilpadde

Vetle er fascinert av babygymen sin, og trivst svært godt under den. Særleg er der ei merkeleg rar gul og blå skilpadde han likar:

Heilt fascinert ...

Eg ville nok vore meir redd dissa augo, om nokon stira slik på meg.


onsdag 3. juni 2009

Mamma ♥ Vetle