onsdag 30. april 2008

Oppsummering av dei fire førre månadane og planar for dei neste

Pepperkaker og lykter har blitt laga, nissane har stått framme - og vi har feira jul. Nyttårsbukken min var rampete nissejente i år, og ho fekk nok godteri til resten av året. Vi har besøkt Emilie og Marie, og blitt gode vener med dei. Vi har feira påske i Ulsteinvik, med snø, snømann og årets fjelltur. Og så har Ricki blitt sterkare - like sterk som Pippi påstår Ida.

Framover tenkte eg å halde bloggen i hevd. Eg er blitt biten av skrivebasillen igjen, og det klør i fingrane etter å skrive tekstar, blogg og lister av ulike slag. Hittil er eg komen til ei godt planlagd handleliste for veka som kjem, men kanskje kjem eg dettande inn i ein tekst etterkvart? Ein kan berre håpe, det er lenge sidan sist.

Eg er blitt hekta på å lese bøker igjen, endelig. Det skulle berre eit halvt år utan skulepensum til, før litteraturen skreik frå bokhylla. Stieg Larsson sine bøker har fenga meg veldig, og eg ventar utålmodig på at den tredje boka skal kome med eit dunk ned i postkassa. I mellomtida les eg Garps bok av John Irving, som eg har tenkt på å lese fleire gonger før. Eg liker karakterane i boka, men kan enda ikkje seie kva eg meiner om sjølve handlinga eller heilskapen. Eg elska En bønn for Owen Meany av same forfattar, så eg har heilt klart store forventingar.