mandag 31. mai 2004

Lønning

Lønningsdagen er blitt som barndommens laurdag med laurdagssnop; når lønna er inne på konto, er det rett på butikken ... hurra!

onsdag 26. mai 2004

Kenyansk lunsj

I dag var Nina, Hege, Ida og eg hos Faiza og Saffra på lunsj, der vi fekk servert ein kenyansk kylling- og risrett. Kjempegod mat, og veldig hyggeleg lunsj. Ida var ganske fascinert av Saffra og rommet hennar (så mange leiker og fargar!), og Saffra var som fireåringar flest: snakksalig, aktiv og interessert i baby Ida. Ho var elles overbevist om at Ida kom til å snakke "like a people" før dagen var omme.


Saffra med Ida Marie på fanget

mandag 24. mai 2004

Kjøkkenskuffa

I kjøkkenskuffa er det mykje spanande! Ida elskar å pirke på alt som ikkje er leiker, og når mamma står på kjøkkenet, får ho kike seg litt rundt i skapa. Her har ho funne "roteskuffa" vår med pakkemat. Legg merke til Toro-posane frå Noreg!


Dette var gøy!

søndag 23. mai 2004

Strawberry Daiquiry

Strawberry daiquiry skal det ikkje drikkast meir enn to av i slengen, trur eg. I går var vi fem jenter samla hos Hege, og drakk Strawberry daiquiry. Eg fann ut at drinkar framleis ikkje er noko for meg ... Men koseleg, det var det! Ricki og Ida fekk vere litt heime åleine, og det gjekk greit. Så dette skal gjentakast - men med øl neste gong for min del!


Fra venstre: Nina, meg, Katharina og Angelika. Hege var fotograf.

tirsdag 18. mai 2004

Tilbake

No er det på tide å ta tastane fram att, for her har eg ikkje akkurat vore aktiv. Ting har sjølvagt skjedd sidan mars, men eg har ikkje ork til å skrive ned alt i ein post. Kanskje kjem det litt etter kvart, men i skrivande stund kan eg nemne at Ida har både røyst seg opp, går langs bordkanten, krabbar på alle fire og set seg opp i sitande stilling - når ho vil. 7 tenner har ho fått, og eg fryktar ei ny, fæl ei, sidan dei to siste dagane har innehaldt feber, skriking og ei urokråke.

M

M 07/04-10/04.